Rein Økologisk badesalt Såre og Støle muskler 250 ml

190,-
På lager

Produktet er midlertidig utsolgt. Dersom du ønsker å motta en epost når vi får det inn på lager kan du legge igjen epostadressen din i skjemaet under.

Share |

Rein Hudpleie er en lokal, Norsk, produsent av små, håndlaget, økologisk hudpleie. Må testes!

Badesaltet er mjukgjerande for huda og skal lindre ømme musklar, magnesiumet i bittersaltet gjer at musklane slappar av. Bruk ein til to matskeier i varmt vatn. Eterisk olje av einebær er forfriskande, stimulerande og reinsande. Einebærolje er ei viktig olje for blodsirkulasjonen, og er god for reumatisme og gikt. Eterisk olje av rosmarin er oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkande, kretslaupstimulerande og krampeløysande. Olja er og smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, forstuvingar, reumatisme og gikt. Eukalyptusolje er også rekna for å vera bra for såre og støle musklar, reumatiske plager, blåmerker og brannsår, forstuvingar og dårleg sirkulasjon.

Innhald: bittersalt (epsomsalt), himalayasalt, uraffinert havsalt, natriumbikarbonat og eterisk olje av eukalyptus*, einebær* og rosmarin*.

*=frå økologisk landbruk.

Inneheld 250 ml.

Rein hudpleie

Rein hudpleie

 Rein hudpleie er ei lita bedrift som lager økologiske hudpleieprodukt. Dei jobbar for å halde innhaldslistene korte, men effektive. Dei legg vekt på å ikkje bruke kjemisk framstilte konserveringsmiddel, parfyme, kunstig farge, silikon, petroleumsprodukt eller andre ingrediensar som ikkje er reine og økologiske. Dette betyr at produkta har begrensa haldbarheit, dei fleste held seg godt i eit halvt til eit år.

Alle produkta er produsert for hand i små produksjonar, så det kan vere små forskjellar frå gang til gang. Produkt frå Rein hudpleie må reknast som ferskvare då dei ikkje inneheld konserveringsmidler. Ikkje gøym dei vekk i skapet på badet, men bruk dei medan dei er ferske!

Feittstoffa og oljere er kaldpressa og for det meste uraffinerte for å få med alle næringstoffa. Nokre av produkta inneheld eteriske oljer, dersom du har allergi kan det vere lurt å prøve produktet på eit lite område først. Produkta inneheld ikkje emugator, så dei kan skilje seg. Det er lurt å oppbevare produkta mørkt for å forseinke harskning av fettstoffa. Dersom dei vert utsett for mykje lys og varme vil denne prosessen ta kortare tid.

Ingen av produka er testa på dyr.